9. mars 2017

Praktikantane leverer frå dag éin

Allereie etter to dagar i praksis har kull 26 markert seg på desken i NRK Sogn og Fjordane.

Prakitikant Espen Breivik (t.v.) redigerer sak til Vestlandsrevyen saman med fotograf Arne Stubhaug.

Prakitikant Espen Breivik (t.v.) redigerer sak til Vestlandsrevyen saman med fotograf Arne Stubhaug.

– Det beste med praksisen er heilt klart å få saker på lufta. Å ha dette som mål aukar heilt klart innsatsen ein legg i arbeidet. Vi lagar ikkje saker som hamnar i ei skuff, men som faktisk kan brukast på radio, tv og nett. Vi er ikkje berre til pynt, men vert kasta ut i det, seier Espen Breivik.

Han starta den interne praksisen med å jobbe for Vestlandsrevyen, og fekk saka si på lufta allereie andre dagen. Han er såleis godt i gang med livet på desken i NRK Sogn og Fjordane, og det gjeld også for dei andre praktikantane. Snorre Sandemose og Aleksander Båtnes hadde kvar sin reportasje om kvinnedagen i morgonsendinga andre dag i praksis, og Wibeke Bruland og Sigrid Sørumgård Botheim fekk nettsaka si på fronten til NRK.no.

– Vi blir litt stolte når sakene våre blir publiserte. Når det vi arbeider med blir eit ordentleg produkt, får vi løn for strevet. Sjølv om vi framleis er praktikantar, kjennest det som vi blir meir og meir «ekte» journalistar for kvar dag. Vi har levert både på fjernsyn, radio og nett – det viser at opplæringa vi har fått har gjort oss allsidige, seier Sørumgård Botheim.

Praktikantane på kull 26 har lagt bak seg to månader med intens og hektisk opplæring med faglærarane Randi Indrebø og Rune Fossum Lillesvangstu. No ventar to månader med praksis på desken i NRK Sogn og Fjordane i Førde. Her skal dei jobbe i periodar på to veker med nett og sosiale medium, fjernsyn, på sendelaget for radio og dessutan to veker som reine radioreporterar.

Så langt har praktikantane eit positivt inntrykk av praksisen.

– Dei fyrste dagane på desken har vore travle og spennande. Vi har blitt kasta rett ut i det, og blir behandla akkurat som dei andre på desken. Vi får arbeide sjølvstendig, men det er lett å spørja om hjelp når vi lurer på noko. Vi har blitt godt mottekne. Eg var jo litt spent på å forlate det trygge tilværet på loftet, men det gjekk ikkje lang tid før eg kjente meg trygg nede på desken heller, seier Sørumgård Botheim.

– No står vi på eigne bein, og det er heilt klart hektisk. Men det er jo grunnen til at vi er her; å bli dyktige journalistar gjennom praktisk arbeid og eigen innsats. Det er veldig moro å endeleg vere ein del av «desken» og den faste redaksjonen, seier Breivik.

Du kan sjå Espen si TV-sak om sjukepleiarane her

Her kan du lese Snorre si sak om 8. mars

Saka til Sigrid og Wibeke om kvinner i legeyrket

Kull-26-førstedag-ute