24. oktober 2013

Praktikantar på lufta

Spente praktikantar i kull 19 tok i går steget ut i det verkelege livet. No får dei prøvd seg som journalistar i NRK Sogn og Fjordane.

Med alvoret litt meir hengande  over seg kom praktikantane i går på jobb. No er det slutt på å øve berre for å øve, no skal sakene på lufta på radio, tv og nett.

No blir dei ein del av sjølve hjertet i NRK Sogn og Fjordane, nemleg desken.

Lars Ivar fekk raskt oppleve at på NRK Vestlandsrevyen må ein vere budd på å reise langt for historiene. Bil, ferge og skyssbåt til ytre delen av Gulen vart dagen for han.

(teksten held fram under bilete)

Ole Andrè Rekkedal på jobb

Ole Andre Rekkedal(foto: Lars Ivar Nordal/NRK)

-Det var veldig lærerikt å sjå korleis eit TV-team jobbar seier Lars Ivar som idag følgjer redigering av den same saka. Om nokre dagar er det hans tur å gjere det sjølv.

Tale var radioreporter og håpar å ha klar ei sak i løpet av dagen i dag.

Medan Eirik jobbar med ei aktualitetssak til nett.

Kanskje var det Idun som mest fekk kjenne på pulsen.

Allereie før ho var starta på desken fekk ho vite ho skulle ut på direkten på radio til dagsendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Turen gjekk til Balestrand for å levere eit direkteintervju om førstehjelpskurs i bygda.

– det var nervepirrande å bli sendt ut på noko så langt unna, utan så veldig god tid til førebuing, seier Idun som i dag er ute på nytt oppdrag for dagsendinga.