7. juni 2013

Fargelegg Reiseradioen

I 50-års jubileet til Reiseradioen skal tre tidlegare nynorskpraktikantar vere med på å prege sendingane. Ingunn Thon, Karl Kristian Langeland og Birte Njøsen Horne meiner dei har fått tidenes sommarjobb! Jubileum Laurdag 8. juni vert årets Reiseradio sparka i gong for 50. gong. Ingunn Thon, som  var praktikant på det 10. kullet, er spent. – […]

I 50-års jubileet til Reiseradioen skal tre tidlegare nynorskpraktikantar vere med på å prege sendingane. Ingunn Thon, Karl Kristian Langeland og Birte Njøsen Horne meiner dei har fått tidenes sommarjobb!

Jubileum

Ingunn ThonLaurdag 8. juni vert årets Reiseradio sparka i gong for 50. gong. Ingunn Thon, som  var praktikant på det 10. kullet, er spent.

– Eg både gler og gruar meg. Mine to favorittkjensler!

Thon har jobba for NRK Super, der ho har vore programleiar og ikkje minst spelt rolla som høna Turid. For henne blir det ekstra spennande å komme tilbake til radioen.

– Eg har nesten ikkje jobba med radio sidan eg var nynorskpraktikant, men eg har sakna det meir enn bugg med colasmak. Eg går ikkje over i reiseradioen før neste veke, så endå veit eg fint lite om kva som skal skje. Men dette kan ikkje bli anna enn blir spanande. Kryss fingrane for meg!

 

Skal styre Reiseradio-skuta

Birte Njøsen Horne var praktikant på det andre kullet ved NRK Nynorsk mediesenter. I sommar er ho vaktsjef i Reiseradioen. Ho skal gjennom sommaren for det meste halde styr på alle programleiarane og reporterane. Gjennom sommaren skal team på fem personar, to programleiarar, ein teknisk ansvarleg, ein produsent og ein reporter vere på reise. Og dei skal avvikle sendingane via breiband.

Sommarstemning

Karl Kristian Langeland var praktikant på det 13. kullet og skal vere programleiar i sommar, men med nokre reportervakter.

På sjølvaste jubileumsdagen for Reiseradioen, 24. juni, skal to team  tråkle seg gjennom landet frå kvar sin kant av landet. Fredag 5.juli møtast dei  til samsending  midt i Norge, nemleg Mosjøen.

Langeland  gledar seg stort til å komme i gong.

– Eg ser sjølvsagt på det å skulle få vere med på sjølvaste jubileumssendinga som ei stor tillitserklæring. Det er også litt skummelt å skulle jobbe i eit program som har så sterke tradisjonar og som folk flest har eit forhold til, men du verden som eg gler meg.

Reiseradioen har som mål å skape god sommarstemning. Det trur Karl Kristian Langeland skal gå greit.

– Planen min er å skape god og sommarsleg stemning til det norske folk sjølv om det skulle hølje ned og vere grått og trist der dei er. Heldigvis skal eg ikkje gjere dette aleine, men saman med veldig flinke og erfarne programleiarar i NRK systemet.

Så Langeland er glad for å ha med erfaringar og lærdom han har fått gjennom opplæringa.

– Fint er det også å ha med seg to år med programleiing ifrå NRK Sogn og Fjordane i bagasjen og den hadde eg ikkje hatt utan Nynorsk mediesenter.

100 prosent tilgjengeleg

Sommarsatsinga til NRK, både Reiseradioen og Sommeråpent på Tv, skal streamast på nrk.no/sommer. Via nettsidene skal ein kunne kommunisere med programma og sende inn tekst og bileter, også under sending.

Sendingane frå Reiseradioen vil vere tilgjengelege på alle plattformer, inkludert smarttelefonar og nettbrett. Dermed kan publikum få med seg programmet frå både hytter, campingvogner, båtar og telt.