9. september 2013
av Magni Øvrebotten

Praktikantfilter

Eg har vorte møtt både med skepsis og med heider for den siste saka mi. Ho handla om studiefinansiering.

Eg var sjølv student før den førre regjeringserklæringa skulle signerast, og umåteleg skuffa då 11 månader med studiestønad ikkje inngjekk i Soria Moria II.

Når alle partia som sit i regjering har vore samde om dette punktet, korleis greier dei då å verte usamde med seg sjølve og forhandle det vekk? Ikkje veit eg, og ikkje visste Tor Bremer i Utdanningskomiteen på Stortinget det heilt sikkert, heller.

Og det er nett dette eg har fått reaksjonar på – burde eg ha klippa vekk ein stotrande og usikker Bremer (som somme har føreslått i sosiale medium)? – Nei, meiner eg. Når ein sit i Utdanningskomiteen på Stortinget bør ein kunne svare for seg utan å forsøkje skulde på andre, noko som skjedde i dette høvet. Då er litt stotring berre på sin plass.

Høyr korleis det gjekk føre seg når eg, ein nyklekt praktikant utan filter, konfronterte ein erfaren politikar som Bremer om studiestønad i Noreg.

Idun1