https://www.nynorskmediesenter.no/- Prega av tillit og god lagånd
20. april 2012

– Prega av tillit og god lagånd

– NRK Nynorsk mediesenter er prega av lagånd, god stemning og tillit til kvarandre. Det syner ei medarbeidargransking der kull 14 og 15 vart spurde, seier Bitten Kallerud i Organisasjonsstaben i NRK. Ho er fagleg ansvarleg for granskinga. 

Det er andre gongen det vert gjort ei medarbeidargransking for NRK Nynorsk mediesenter. Den fyrste var i 2008/2009 og difor kan ein samanlikne tala.

– Nynorsk mediesenter får gode tilbakemeldingar frå praktikantane. Dei opplever eit miljø der alle medverkar til å gjere kvarandre gode. Kollegane deler kunnskap og tek seg tid til faglege diskusjonar. Faglærarane er tydelege på forventningar og følgjer opp praktikantane tett med tilbakemeldingar. Leiinga syner interesse og er engasjert i praktikantane, seier Bitten Kallerud.

100 prosent er «alt i alt godt nøgde» Ho peikar ut to område der det er god framgang sidan siste gransking. No opplever praktikantane i større grad at mediesenteret fangar opp nye impulsar og stimulerer dei til å tenkje nytt. Dei får også ei meir systematisk oppfølging av dei måla som er sette for dei.

– Skalaen dei skal svare på er frå ein til sju, der dei er meir nøgde til høgare tal dei vel å merke av. 100 % av dei har svart anten seks eller sju på om dei «alt i alt er nøgde med perioden som praktikant». Det er flott, det går ikkje an å få det betre, seier Kallerud.

Nyttig for personleg utvikling Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er godt nøgd med resultatat av granskinga. Ho er særleg glad for at praktikantane opplever arbeids – og rettleiingssamtalen som nyttige, også for den personlege utviklinga si. – I 2008/2009 var det berre 37,5 % som opplevde desse samtalane som nyttige på dette feltet, medan det no er 75 % som gjer det, seier Øvrebotten.

Praksisplassane Praktikantane er og spurde om korleis dei opplever den interne praksisen i NRK Sogn og Fjordane, og den eksterne i andre redaksjonar i NRK. Dei kjenner seg godt mottekne over alt, og særleg NRK Sogn og Fjordane skårar høgt på at dei gjev tilbakemedlingar og er tilgjengelege når dei treng det. Men også riksredaksjonane og andre distriktskontor er flinke til å sjå dei og gje tilbakemeldingar.

Fadderordninga I den eksterne praksisen skal praktikantane ha kvar sin fadder, og det er på det området det er mest å ta tak i, meiner Øvrebotten.

– 75 % er nøgde, men 25 % er det ikkje. Dette oppdagar vi når vi er rundt og snakkar med dei medan dei er i ekstern praksis, og prøver å ta det etter kvart. Men no kjem eg til å snakke med fadderen i framkant av den eksterne praksisen og, slik at vedkomande får eit klart inntrykk av kva vi forventar og betalar for, seier Magni Øvrebotten.