https://nynorskmediesenter.no/Prioriterer praktikantar i vikariat
22. september 2011

Prioriterer praktikantar i vikariat

Fungerande kulturredaktør i NRK, Alf Magnus Reistad, har bestemt seg for å prioritere folk med bakgrunn i NRK FleRe og Nynorsk mediesenter når dei tilset vikarar i Kulturavdelinga. – Han kan vere eit føredøme for andre, seier Magni Øvrebotten. 

Tidlegare nynorskpraktikantar og stipendidatar frå NRK FleRe har sokalla «positiv særbehandling», der dei skal ha fyrsteretten når dei er fullt ut kvalifiserte for ei stilling i NRK. – Dette vedtaket i direktørmøte virkar bra med det same dei er ferdige som praktikantar, men blir svekt i løpet av dei tre åra det gjeld, seier Magni Øvrebotten.

– Det er fyrst når leiarar bestemmer seg for å tilsette dei, slik Kulturavdelinga seier dei skal gjere, at det kan bli skikkelege konsekvensar av vedtaket om å satse spesielt på dei to rekrutteringstiltaka NRK har sett i verk, seier Øvrebotten. Ho helsar difor vedtaket i Kulturavdelinga med glede, og er spent på å sjå korleis det virkar.

For samstundes som Kulturavdelinga har vedteke å satse på praktikantane, skal avdelinga kutte mykje både på budsjett og tilsette. – Men dette er ei stor avdeling, med tilsvarande programproduksjon. Difor vil vi ha bruk for vikarar, sjølv om vi skal prøve å løyse vikarkabalen med å bruke dei vi alt har tilsett, seier Alf Magnus Reistad, fungerande kulturredaktør i NRK.