21. september 2015

Pris for årets direktesending

Eldgrim Fossheim og Erlend Blaalid Oldeide i NRK Sogn og Fjordane vann prisen for beste direktesending under Prix Radio i Oslo fredag. NRK Nynorsk mediesenter gratulerer vertskontoret vårt med prisen.

Det var direktesendinga under flaumen i Flåm i oktober i fjor NRK Sogn og Fjordane fekk prisen for. Då var nær 200 menneske evakuerte, fem hus vart tekne av vassmassane og seks andre hus fekk store skader. Sjå meir om prisen her

Eldgrim Fossheim er NRK Sogn og Fjordane sin «grand old man» på direktesendingar, ikkje minst i samband med uver og ulukker. Han er ein pioner på området. Den fyrste ekstrasendinga Eldgrim hadde var 4. november i 1991, då snøggbåten Sea Cat gjekk på grunn i Gulen. – Den gongen måtte vi spørje halve NRK om løyve til å sende ekstra på riksnettet, men etter at orkanen feia over nordvestlandet nyttårsnatta 1991/92 vart det mogeleg for distriktskontora å «ta riksnettet» når vi hadde ekstraordinære hendingar, seier Magni Øvrebotten. – Dei sendingane lærde oss ei lekse om kor viktige distriktssendingane er når folk treng informasjon og noko å samle seg om, seier Øvrebotten.

– Det er ein flott symbolverdi i at den nyslegne pensjonisten Eldgrim Fossheim får denne prisen, som produsent, saman med Erlend Blaalid Oldeide, som programleiar. No er han ein av dei som skal halde sogningar og fjordingar oppdaterte og rolege i kriser og uver. Erlend Blaalid Oldeide var nynorskpraktikant på det fjerde kullet, våren 2006. Han hadde praksis og arbeidde i NRK Nordland etter avslutta opplæring, og fekk nokså raskt fast arbeid i NRK Sogn og Fjordane. Der er han  programleiar, og i valår fast utspørjar når partia sine vallovnader skal under lupa.