24. april 2017

Pris for «Saknet etter far»

Journalist Line Omland Eilevstjønn, i Vest-Telemark blad, fekk fredag Telemark Journalistlag sin feature-pris for artikkelen «Saknet etter far». Han stod i Vest-Telemark blad i høve farsdagen i fjor, og handla om tre elevar i sams klasse som miste fedrene sine i løpet av får år,

Line Omland Eilevstjønn (Foto: Jo Vemund Svendsen)

I juryen si grunngjeving står det: Sorg og savn er klassiske temaer innen featurejournalistikken, men denne reportasjen skiller seg ut. At tre elevar i samme klasse i en liten grendeskole mister faren sin med få års mellomrom, er uvanlig, og det er en god ide å la dem prate sammen om hvordan de opplevde det. Det er nå gått mellom ti og femten år siden det skjedde, og alle tre stiller opp til intervju i anledning farsdagen. 

Fordi de bor på ulike kanter av landet, må intervjuet gjøres som gruppesamtale på Skype. Det kan gjøre det vanskelig å få til et nært intervju, og det er fare for at artikkelen kan bli stillestående og mangle reportasjegrep. Men journalisten har løst utfordringen på forbilledlig vis. Hun stiller gode spørsmål og lar intervjuet bli en samtale mellom alle fire. De har sterke historier å fortelle, og kommer med mange interessante refleksjoner.

Artikkelen framstår som gjennomtenkt og gjennomført, både i utskriving og layout. Åpningen med tre dødsannonser satt ved siden av hverandere er et slående grep som effektivt viser hvor personlige erfaringene deres er, samtidig som de har dem til felles. «Saknet etter far» er alt i alt en svært god lesesak, som berører og overrasker, skriv juryen.

Les «Saknet etter far» her

Tilfeldig at saka vart til

Line Omland Eilevstjønn er veldig glad for at juryen likte saka så godt. – Det var ei sak som blei til veldig tilfeldig, fortel ho. Redaksjonen i Vest-Telemark blad sat på morgonmøte ein måndag og planla farsdagavisa som skulle kome ut fredagen den veka. Idear blei kasta litt fram og tilbake. – Plutseleg henta eg fram noko frå underbevisstheita mi om dei tre jamaldrande elevane på skulen i nabobygda, som mista fedrene sine i ulykker med så kort mellomrom. Eg sa det heldigvis høgt, og blei oppmoda av kollegaene mine til å sjå om eg kunne få noko på det i løpet av veka. Eg var kjempeheldig og fekk ja frå alle tre innan dagen var omme, seier Line Omland Eilevstjønn. Tysdag kveld prata dei i to timar på Skype, og fredag kom saka ut. – Det blei mange fine tilbakemeldingar, til og med eit handskrive brev med takk for saka. Det var utruleg koseleg. Dei tre eg intervjua gav absolutt alt av seg sjølv i samtala vår, og det var så fint å høyre på. Og veldig trist, sjølvsagt. Men dei var opne og reflekterte, og gjorde saka til det den blei, seier journalist Line Omland Eilevstjønn.

Vest-Telemark blad fekk to av dei fem prisane som vart delte ut til skrivande journalistar då Telemark Journalistlag hadde prisfest i Skien fredag 21. april. VTB-journalist Tone Tveit fekk Journalistprisen for Telemark for saka om hemmeleghald i Seljord kommune. Redaktør Øystein Øygarden skriv om prisane i avisa.

Line Omland Eilevstjønn var nynorskpraktikant på kull 23, våren 2015. Ho hadde ekstern praksis i NRK Telemark. Men alt før ho kom dit hadde lokalavisa Vest-Telemark blad vore om seg og tilbydd henne eit års prosjektstilling som SoMe-ansvarleg i avisa, for å nå ut til ungdom. Eilevstjønn arbeider framleis med det, men i ei lokalavis må alle vere med på alt, så ho er også journalist i avisa.