8. februar 2016

Pris til tidlegare praktikant

Mari Langva er producer i Newton-redaksjonen i NRK på Tyholt, og dei fekk i helga pris for beste featurejournalistikk under Hell-konferansen. Den fekk dei for serien «Fødsel», der dei følgde programleiar Line Jansrud frå graviditetstetest til fødsel. Hell-konferansen er den årlege journalistkonferansen i Trøndelag.

Sjå reportasjen frå Adressa her

Laget som står bak serien «Fødsel» i Newton-redaksjonen er Mari Langva producer, Morten Waagå, Janne Rasmussen og Lars Kristian Skjetne er fotografar og Line Jansrud programleiar. Juryen seier dette om produktet:

» Mesteparten av journalistikken lages for voksne, men årets prisvinner utmerker seg ved å lage kvalitetsjournalistikk for barn. Ved hjelp av enkle, men sterke virkemidler oppleves en stor nærhet til den dramatiske og fantastiske opplevelsen en fodsel er. Prisvinnerne har latt seerne følge prosessen fra den første graviditetstesten til barnet kommer til verden. Programlederen utmerker seg med høy fagkompetanse og stor fortellerglede i sitt virke».

– Det var sjokkerande. Tusen takk til programleiar Line, sambuaren til Line og vesle Mio, sa producer Mari Langva då ho tok mot prisen.

Mari Langva (1986) var nynorskpraktikant på kull 12, i 2010, og har arbeidd i ulike redaksjonar på Tyholt etter at ho var der i praksis som nynorskpraktikant. Ho vart fast tilsett våren 2015.