15. april 2014

Programleiar i ny serie på NRK

Solveig Hareide skal være programleiar i NRK sin nye realityserie «Hjernekamp». Den erfarne programleiaren var nynorskpraktikant i 2005. Etter det har ho vore programleiar i blant anna Barne-Tv og Newton.

No skal Hareide leie programmet «Hjernekamp» , som blir den fyrste realityserien som er basert på vitskap. Deltakarane skal konkurrere om å bli best på blant anna logikk og motorikk. No søkjer dei etter deltakarar som vil vere med å teste hjernen sin.