5. november 2012

Radio Radio TV Sleep

Internpraksisen starta for to veker sidan, og det har vore særs hektiske dagar. Eg har jobba med radio, og fått laga nokre spanande saker. Lange dagar, og kanskje litt lite søvn. Den fyrste veka tykte eg det gjekk litt trått, og eg brukte mykje tid på leite og undersøke ting som ikkje enda i so […]

cf21bbf221dd11e28a5622000a1fbe35_7

Internpraksisen starta for to veker sidan, og det har vore særs hektiske dagar. Eg har jobba med radio, og fått laga nokre spanande saker. Lange dagar, og kanskje litt lite søvn.

Den fyrste veka tykte eg det gjekk litt trått, og eg brukte mykje tid på leite og undersøke ting som ikkje enda i so mykje. Når to dagar var gått, hadde eg kun klart å laga ein kort melding med snutt om DAB-radiodekning i Nordfjordeid. I tillegg øydela eg ei grei sak om ein paneldebatt. Lyden var alt for dårleg. Så eg var ikkje særleg høg i hatten når fyrste halvdel av veka var omme. Men det skulle ordna seg!

På leit etter saker går eg innom Twitter for å sjå om det er noko som skjer i fylket. Det var der eg oppdaga ein som skulle ta over ein gard, og som hadde vore på kurs i Luster. Det endte med at eg laga ei sak om tilflyttingsprosjektet til Luster kommune: «Folk i fleire hus». Den høyrer du her:

Neste veke starta betre. Eg hadde ikkje vore på jobb lenger enn 2 min og 34 sekund før vaktsjef Vidar tykte eg var så rufsete på håret at han sendte meg til frisørlinja ved Høyanger vidaregåande skule. Der har dei lært vekk frisørfaget i 40 år, men er truga av nedlegging. Så eg laga ei fin sak om lærar Ingunn Eikås, som risikerar å miste jobben sin.

Eg har også vore ein tur på Sandane. Den saka jobbar eg fortsatt med. No fortset internpraksisen med to veker på TV. Det blir spanande!