19. januar 2015

Rapport frå livet i praksis

Kull 21 har vore to veker i ekstern praksis og melder at dei har det bra. Tor-Erik Humlen er i P3Morgon/P3nett, Sigrid Agnethe Hansen i NRK Troms, Hibba Sarmadawy i NRK Dagsnytt, Ine Eftestøl i NRK Rogaland og Elias Engevik i NRK Sogn og Fjordane.

Tor-Erik Humlen, P3Morgon:
– Eg har no jobba i to veker med booking og research. Det var veldig greitt å få prøve seg på det. Eg har laga opplegg for gjestane og gjort research-intervju med dei dagen før dei skal på lufta. I tillegg har eg fått lære ein del om kva produsenten til eit slikt program gjer. Frå neste veke skal eg over til P3-nett. Der trur eg planen er at eg stort sett skal få jobbe med eigne idear og lage saker ut av dei – meir som i Førde.

Sigrid Agnete Hansen, NRK Troms:
– No er eg på plass i Tromsø, slik eg lenge hadde gledd meg til. Sjølv om byen ligg langt frå Oslogryta, er det alltid noko som skjer her – noko som gjer at dagane vert varierte og spennande. Denne veka vert Tromsø Internasjonale Filmfestival arrangert, og eg har vore reporter og levert saker til radio kvar dag. Nokre av dei har vore sendt på riksdekkande radio og i andre distriktssendinger, og det er sjølvsagt svært kjekt!

Hibba Sarmadawy, NRK Dagsnytt:
– Her er det hektiske dagar der eg lærer noko nytt om radiojournalistikk heile tida. Hittil har eg jobba med å lage nyheitsinnslag, hovedsakleg til ettermiddagssendingane, men eg har også vore med på å lage reportasjar til Her og Nå. Det er ein del nye ting å sette seg inn i, men både fadder og andre tilsette er svært hjelpsame. Alt i alt går det veldig bra, og det er kjempekjekt.

Ine Eftestøl, NRK Rogaland:
– Her i Stavanger er eg godt i gang, og har arbeidd mykje radio så langt. Eg føler meg allereie som ein del av redaksjonen, og har følt meg velkomen frå første dag. Gjengen her er kjempefin, og eg har fått god anledning til å arbeide fram eigne saker. Veldig kjekt!

Elias Engevik, NRK Sogn og Fjordane:
– No har eg vore to veker i min interne eksternpraksis her i Førde. Kvardagen er ganske lik som før jul, nemleg veldig spennande og kjekk.  Eg er veldig glad for å ha praksisen min her, eg kjenner redaksjonen no, og eg får prøve så mykje forskjellig. Akkurat no jobbar eg med siste delen av eit prosjekt som eg har halde på med i fleire dagar. Det handlar om unge som flyttar til Sogn og Fjordane, der eg har laga radioreportasjar, videoar og nettsaker. Noko av det kjekkaste er å få møte så mange ulike menneske gjennom å vere journalist, og deretter formidle det på ulike plattformer.