9. april 2015

Raymond fengsla i Jemen

Raymond Lidal (28) er fengsla i Jemen. Han skal ha vorte arrestert for å ha filma i hovudstaden Sana natta mellom 28.- 29. mars, med student og ikkje journalistvisum.

Raymond Lidal var nynorskpraktikant vinteren 2012. Han hadde praksis i utanriksavdelinga i NRK og arbeidde der som tilkallingsvikar ut året. Då reiste han attende til Jemen. Han hadde byrja på ein master i arabisk i 2011, og målet var å fullføre den.

Lidal har vore student og frilansar, og i januar 2015 fekk han 100.000 kroner frå Fritt Ord for å skrive bok om Jemen.

Her er nokre oppslag om han frå media siste dagane:

NRKBergens Tidende, VG, Dagbladet, Sunnhordland, Journalisten