9. mars 2015

I redaksjonen

9. mars byrjar kull 22 i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Der skal dei vere til 30. april.

No skal dei syne kva dei har lært og hugsar av opplæringa dei to fyrste månadane som nynorskpraktikantar. Og prøve kvardagen i redaksjonen, som journalistar for nett, radio og fjernsyn.

– Før påske må vi bestemme kvar dei skal i ekstern praksis, frå 4. mai til og med 30.juni. Det gjeld å treffe rette redaksjonen, der dei kan syne kva dei er gode for og der det er trong for folk også etter 1. juli, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.