17. juni 2014

Redaksjonsleiar i NRK ØkoPol

Svein Ove Hansli blir ny redaksjonsleiar i NRK sin redaksjon for økonomi og politikk, kalla ØkoPol.

– Eg gler meg til å vere med og leie ein av NRK sine viktigaste fagredaksjonar. Dagleg syter dei for at NRK leverer solid journalistikk om politikk og økonomi i radio, på  tv og nett, seier Svein Ove Hansli.

Han var praktikant på det fyrste kullet til Nynorsk mediesenter i 2004/05, og kjem no frå stillinga som vaktsjef i Dagsrevyen. Tidlegare har han vore reporter i Dagsrevyen, Dagsnytt og NRK Sogn og Fjordane.

– I jobben får eg nytte av den breie erfaringa mi i journalistikken og ulike delar av NRK. Månadane på Nynorsk mediesenter var starten på mi karriere i NRK og mitt fyrste møte med etermedia. Dette gav meg ei solid plattform og stupbratt læringskurve vidare inn i jobbar i NRK seier Hansli.

Redaksjonssjef i ØkoPol, Rune Alstadsæter, seier Hansli som vaktsjef i Dagsrevyen har vist god evne til å få fagleg sterke menneske til å jobbe saman i team. Som vaktsjef har han og vist interesse for fagområda økonomi og politikk, og som prosjektleiar for den store partileiardebatten i fjor klarte han å setje signaturen sin på satsinga.