2. desember 2012

Reisande reporter

Vi er godt over halvvegs med internpraksisen, og det minkar på dagane att her på desken i NRK Sogn og Fjordane. Dei to siste vekene har eg vore med i sendeteamet til morgon- /ettermiddagsendinga. Her har eg fått prøvd meg på direkterapportering , både på HF og som reporter i studio, noko eg må innrømme […]

Vi er godt over halvvegs med internpraksisen, og det minkar på dagane att her på desken i NRK Sogn og Fjordane. Dei to siste vekene har eg vore med i sendeteamet til morgon- /ettermiddagsendinga. Her har eg fått prøvd meg på direkterapportering , både på HF og som reporter i studio, noko eg må innrømme var litt skummelt, iallfall i starten.

Det har vore to veker med mykje reising. Eg har fått besøkt fleire stadar i fylket eg aldri har vore før, og som eg mest sannsynleg ikkje ville ha reist til hadde det ikkje vore for oppdraget eg var på. Å verte betre kjend i sitt eige fylke er ingen dum ide. På grunn av store avstandar har det vore høgt tempo, for å rekke å presentere saka i sendinga same dag. Det har og vore stor variasjon i temaa i sendingane, så eg har fått prøvd meg på mykje.

Det har vore veldig kjekt å vere ein del av sendeteamet, og få vere med å snakke i studio. Til slutt vil eg berre kome med ei stor takk til alle dei kjekke programleiarane som tok så godt imot meg, og hjelpte meg gjennom den verste nervøsiteten. Målet må vel vere å ein dag verte like flinke, og ikkje minst like avslappa, som dei er i studio.

No er det snart berre to veker igjen, og eg skal prøve meg på TV.