15. mai 2018

Nynorskkurs i Oslo og Ålesund

Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu ligg ikkje på latsida. Snart kjem dei til Oslo og Ålesund med kurset «Skriv endå betre nynorsk».

NYNORSKKURS: Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu då dei heldt kurs i Telemark. Foto: Sigrid Sørumgård Botheim

– Det er kjekt at det er interesse for dette kurset. Men for oss er det viktigast å bidra til at redaksjonane i NRK vert meir medvitne på språk – og sjølvsagt flinkare til å bruke nynorsk. Vi har som alle veit fått eit krav på oss frå Stortinget om minimum 25 prosent nynorsk i NRK, seier Rune Fossum Lillesvangstu.

Han er faglærar ved NRK Nynorsk mediesenter, som saman med NRK Sogn og Fjordane og Noralv Pedersen har teke initiativ til kurset «Skriv endå betre nynorsk». I samarbeid med språksjef Ingvild Bryn blir kurset no arrangert for interesserte redaksjonar i NRK.

Tidlegare har distriktskontora i Hordaland og Telemark fått besøk av kurshaldarane. Emna for kurset er NRK sitt ansvar for nynorsk, nynorskrettskrivinga 2012, kjenneteikn på ein god nynorsktekst, bokmålssmitte, ein bokmålsmann konverterer, korrekt språk og godt språk. Det er øvingar undervegs, og tilbakemeldingane har vore gode.

Pedersen og Lillesvangstu førebur no kurs for riksredaksjonane på Marienlyst. Der blir det kurs i to puljer tysdag 29. mai, og det er god påmelding. Deretter går turen til Ålesund i juni.

Bakgrunnen for kurset er «Handlingsplan for nynorsk 2017-2018», der det vert tilrådd kurs for å styrkje nynorskkompetansen i NRK. Det første kurset vart skipa 5. desember 2017 for NRK Hordaland (DK og riks) i Bergen, der tilsaman 18 medarbeidarar møtte fram på dei to tre-timars språkkursa.

-Eg håpar vi kan gjere folk tryggare i nynorsk. Det gjeld både journalistar som allereie er nynorskbrukarar, men gjerne også bokmålsbrukarar som til dømes deskar saker eller redigerer fronten på NRK.no. Uansett oppmodar eg folk til å melde seg på. Det er ikkje ofte ein får sjansen til å dyrke språk i ein hektisk arbeidskvardag, seier Lillesvangstu.