28. november 2011

Respekt for naturkreftene

Eg vert mektig provosert når eg ser vaksne folk dra med seg små ungar nedi fjøresteinane når det er uver, der bølgene sleikjer svaberga og ein kan bli feia på sjøen før ein veit ordet av det. Respekta for naturkreftene minkar visst etter kvart som færre og færre må livnære seg ute, i dagleg kontakt med […]

Eg vert mektig provosert når eg ser vaksne folk dra med seg små ungar nedi fjøresteinane når det er uver, der bølgene sleikjer svaberga og ein kan bli feia på sjøen før ein veit ordet av det.

Respekta for naturkreftene minkar visst etter kvart som færre og færre må livnære seg ute, i dagleg kontakt med vind og ver. Mange av oss kan halde oss innomhus heile arbeidsveka, og oppsøkje styggeveret på fritida. Det blir ein slags kvarmannsen sin ekstremsport, men kombinert med manglande respekt og kunnskap blir det livsfarleg. Det var mykje uvetig åtferd å sjå på norsk fjernsyn i løpet av helga

Vi som har vakse opp i fjøresteinane, med båt som einaste framkomstmiddel, har kanskje ikkje same fasinasjonen? Det er for mange stormar som sit i ryggmargen, like eins historier om folk som vart vekke på sjøen. Vi vart åtvara mot havbåra og vinden før vi kunne gå, held oss i respektfull avstand til svaberg og bølger, og lyer når det vert åtvara mot å gå ut i vinden. Då må vi vere nøydde ut for å trasse varsla.

Men i dag virkar det som om nettopp slike varsel får folk til å fare langt for å oppleve naturkreftene, kjenne dei på kroppen, «flyge med vinden». Få teke dei oppsiktsvekkande bileta og legge dei ut på Fjesboka etterpå. Nokon oppfører seg som om dei er uovervinnelege.Tanken om at det kan vere farleg har ikkje sveipa dei, heller ikkje at andre kan måtte sette livet sitt i fare, i leiteaksjonar, om dei vert sopte på sjøen. Kystmennesket i meg blir veldig provosert over slik åtferd.