7. februar 2012

Rett på nett

Nok ei veke i mediemekka er over, som vart avslutta med nynorsk-guru Jan Olav Fretland.  Veka starta med radio på måndag. Eg hadde før helga lagt merke til merkeleg monge løyver til oskespreiing i Fylkesmannen sine postlister. Var dette verkeleg spreiing av den type oske eg mistenkte? Svaret fekk eg på måndag, då eg fekk […]

Nok ei veke i mediemekka er over, som vart avslutta med nynorsk-guru Jan Olav Fretland.  Veka starta med radio på måndag. Eg hadde før helga lagt merke til merkeleg monge løyver til oskespreiing i Fylkesmannen sine postlister. Var dette verkeleg spreiing av den type oske eg mistenkte? Svaret fekk eg på måndag, då eg fekk innsyn i eine søknaden til fylkesmannen. Jau, mine mistankar viste seg å stemme, dette var menneskleg oske som skulle spreiiast. Kva i alle dagar, tenkte eg. Vidare tok eg ein telefon til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som stadfesta det aukande talet i talet på søknadar om akkurat dette. Super sak, tenkte eg. Kuriosa, litt spesielt, og tal å vise til. Dette var mentorane mine einige i. Vidare tok eg kontakt med Førde Gravferdsbyrå og fekk Mathias Haug i prat. Eit kjempeflott intervjuobjekt som svarte godt og tilfredstillande på spørsmåla mine. Reslutatet kan du høyre her, eller lese her.  Dagen etter tok eg fatt på ei ny sak. I nesten alle butikkar som sel brettspel i heile landet, er det tomt for Scrabble. Kvifor, seier du? Jau, mange mistenkjer at mobilspelet Wordfeud er årsaka. Saka eg laga kom på radio måndag 06.02, og du kan høyre den her. Eller dersom du ikkje orkar det, kan du lese den her.   Framifrå, kjempemessig, kjempekjekt!