26. januar 2012

Riksing og nynorsk-kjemping

I dag har eg fått to saker på radio, saka om den hærlege pensjonisten som lærekøyrer med innvandrarar, og saka om bokmålsmjølka frå nynorsk-kyr. Førstnemnde vart publisert på framsida til NRK.no, altså riksa. Stort! Den saka vart sendt under morgonsendinga i dag, og eg har fått mykje godord, noko eg må takke hovudpersonen sjølv for. Ho […]

I dag har eg fått to saker på radio, saka om den hærlege pensjonisten som lærekøyrer med innvandrarar, og saka om bokmålsmjølka frå nynorsk-kyr. Førstnemnde vart publisert på framsida til NRK.no, altså riksa. Stort! Den saka vart sendt under morgonsendinga i dag, og eg har fått mykje godord, noko eg må takke hovudpersonen sjølv for. Ho var ei flott dame det er vanskeleg å ikkje lage ei god sak på. Det er også godt å sjå at innsatsen ein legg ned ber frukter, og at eg er på rett spor. Mjølkesaka mi vart sendt i ettermiddag.  Les og høyr reportasjene!

Debatten kring nynorsk kokar om dagen, det ser eg spor av også i kommentarfeltet på mjølkesaka mi. Det er vel få ting folk har meir meiningar om enn akkurat sidemål, i all hovudsak nynorsk. Når skal nynorsken få senke skuldrane, og når skal vi med nynorsk som meir enn bere eit skriftspråk få sleppe å stadig knive og argumentere for vårt eige språk? Akk, ja. Kjartan Fløgstad sa det så fortreffeleg for 12 år sidan, og innlegget er minst like aktuelt i dag, diverre. Sett av nokre minutt til å lese «Ikkje Amerika, men Amerika», eit flott innlegg!