18. desember 2018

Frontsjef i Vårt Land

Hans-Olav Rise har fått fast jobb som frontsjef i Vårt Land og skal leie den digitale satsinga i avisa. Han byrjar i den nye jobben frå nyttår av. – Eg søkte stillinga no i haust og fekk jobben etter ein del intervjurundar, så no gler eg meg stort til å ta fatt på utfordringane som følgjer med. Eg trur stillinga passar meg godt, der digital kunnskap og stort konkurranseinstinkt får gå i tospann med interesse for språk og presseetikk, seier Hans-Olav Rise. Medrekna Rise har seks tidlegare nynorskpraktikantar fått fast arbeid i 2018.

Hans-Olav Rise

– Eg er oppvaksen med Vårt Land heim i postkassa og synest journalistikken og meiningsstoffet som avisa leverer i dag held høgt nivå. Så blir det mi oppgåve, i samarbeid med journalistar og redaktørar, å foredle journalistikken, presentere det på gode måtar digitalt og nå ut til flest mogleg menneske.

– Korleis er det å få fast jobb?

– Herleg, enklast sagt. Eg har ikkje vore på desperat jobbjakt etter at studiane blei fullført i 2016, men det er sjølvsagt ei lette å gå meir føreseielege tider i møte. Eg har jobba kvar sommar sidan eg var 16 år, frå første år i lokalavisa i Ulsteinvik, vidare til NRK, NTB og Nationen. Det har aldri vore eit stort offer å jobbe i feriar, men eg skal ikkje klage høgt over å vere nokre timar mindre på kontor i fellesferiane framover. Den faste jobben blir feira med middag på Maaemo. Det er den eine restauranten i Oslo eg ønskjer å ete på, men som eg framleis ikkje har vitja. På eit tidspunkt for fleire år sidan, sa eg til meg sjølv at eg ikkje skulle ete der før eg hadde fått meg fast jobb. Sidan den lovnaden har restauranten fått meir og meir hyllest og blitt dyrare for kvart år som har gått, men no er bordet bestilt. Eg ser det som ei passande feiring når du får ei fast stilling i norsk media i 2018, seier Hans-Olav Rise. Han kjem frå jobb som vikar i Nationen og var nynorskpraktikant på kull 16, våren 2012.