12. februar 2013
av Magni Øvrebotten

Rot på pulten

Skal ein ekte journalist ha masse rot på pulten sin, eller bør det ryddast frå tid til annan? Eg er ikkje alltid like strukturert, diverre. Skulle gjerne hatt meir struktur på ting, og vore like god på å få unne ryddinga, som eg er til å få unna andre arbeidsoppgåver. Men ei blanding av å […]

Skal ein ekte journalist ha masse rot på pulten sin, eller bør det ryddast frå tid til annan? Eg er ikkje alltid like strukturert, diverre. Skulle gjerne hatt meir struktur på ting, og vore like god på å få unne ryddinga, som eg er til å få unna andre arbeidsoppgåver. Men ei blanding av å ikkje alltid sjå behovet for å rydde, og ein smule latskap gjer til at det gjerne kan bli litt rotete rundt meg. Til sjuande og sist tek eg alltid eit tak, og ryddar litt, slik at ikkje verda går heilt under.

Men ein ekte journalist skal vel ha rotete pult? Om pulten er ryddig, så er det eit teikn på at det ikkje er nytta nok tid på å gjere jobben sin, er det ikkje? Med andre ord er eg ikkje så bekymra for rotet på pulten. Ikkje endå i det minste.

ROT: Her er min pult. Altfor rotete er det jo ikkje. Men det er ein liten kontrast til…

RYDDIG: …Trond Espen sin pult, som er i overkant ryddig.

Dagane her i Førde har den siste veka gått med på å lære seg litt om TV-produksjon og litt om nynorsk som mediespråk. Det er kjekt å få prøve seg på TV. Det er noko eg aldri har gjort før. Gler meg til å lære meir om dette, og til å teste det litt ut seinare i praktikantopphaldet her oppe.

Kva skal eg no skrive om? Vêret? Ja, gjerne det. Snøen har kome til Førde! Endeleg. Og det er steike kaldt. Skal eg klage på at det er kaldt, etter at eg for nokre veker sidan klaga på at det var mangel på snø her i byen? Neidå, eg er nøgd. Ikkje med snømengda, vel å merke. Men med at Førde ikkje har vintrar som ein mellomeuropeisk landsby.

VAKKERT: Førre bilete frå kontorplassen min fokuserte på dei snøfrie gatene i Førde. Denne gongen vender eg blikket oppover mot Hallbrendsnipa. Eit vakkert syn for ein gut som er vaksen opp i fjellet.