8. september 2009

Røynda og kjærleik

I samband med at NRK Nynorsk mediesenter hadde 5-årsjubileum 1. september vart eg portrettintervjua i NRK Sogn og Fjordane. Heilt på slutten av intervjuet fekk eg spørsmål om dei to vakraste nynorske orda eg visste om. – Røynda og kjærleik, var svaret. Inga utduping eller forklaring. Men av alt eg sa på dei 20 minutta er det desse […]

Ordsmykke

I samband med at NRK Nynorsk mediesenter hadde 5-årsjubileum 1. september vart eg portrettintervjua i NRK Sogn og Fjordane. Heilt på slutten av intervjuet fekk eg spørsmål om dei to vakraste nynorske orda eg visste om. – Røynda og kjærleik, var svaret. Inga utduping eller forklaring.

Men av alt eg sa på dei 20 minutta er det desse to orda folk har lagt mest merke til. Mange har møtte med meg truvedkjenningar om kor kjekt det er å høyre slike sterke og flotte ord bruk i radio.  Bokmålsbrukarar  kjenner på misunninga, for «kjærlighet» og «virkelighet» gjer ikkje same susen, synst dei.

At «kjærleik» er eit omtykt ord kom fram i kåringa VG gjorde i 2004, av det vakraste ordet i Norge. «Kjærleik» fekk tre gonger så mange røyster som «elske» på andreplass. Men samstundes med at nynorskbrukarane fortel meg kor svært det er at eg brukar «røynda» og «kjærleik», så fortel mange at dei sjølve ikkje brukar dei, fordi dei er redde for å virke gamaldagse. Dei er både eldre og yngre enn mine 55 år dei som fortel meg dette.

Eg sluttar aldri å forundre meg over kvifor vi så lett tek i bruk nye ord og fraser, ofte utanlandske, i staden for å bruke av mangfaldet i vårt eige språk. Det er denne hærsens husmannsånda som som rir oss. Ho kjem til uttrykk midt i nynorskland også. Her i Førde er eitt, av mange, handelshus merka med «shopping» i begge endar. Eigarane grunnga merkinga med at dei hadde sett det gjort slik i Oslo City, og dermed trur dei kanskje at det fremjar handelen? Det røse gjennom meg kvar gong eg køyrer forbi, sjølv om eg høyrer folk rundt om i handelshusa seier «shoppe» i staden for å «handle».

Føremålet med NRK Nynorsk mediesenter er å fremje bruk av nynorsk og dialekt i etermedia. Vi skal gjere folk stolte og glade i dialekta si og nynorsken med å ale opp gode føredøme i radio, fjernsyn og på internett. Vi vert visst aldri arbeidslause.