29. september 2015

Røynde journalistar på skulebenken

For fyrste gong blir no lokalavisjournalistar invitert til å bli med på nokre av forelesningane til NRK Nynorsk medisenter og Nynorsk Avissenter.

Praktikantane fekk i går selskap av to journalistar frå Firdaposten under forelesninga om intervjuteknikk. David Antonsen og Liv Standal fekk litt fagleg påfyll på ein sentral del i det å jobbe som journalist. David Antonsen, som har jobba som journalist i snart ti år, seier opplæringa også er relevant for dei.

TOT

– Det var svært lærerikt, ein får brynt seg og utfordra gamla vanar som har sett seg. Han dreg særleg fram korleis det er inspirerande å lære noko i lag med ferske journalistar. – det er kjempeflott og eg ser korleis dei bidreg med andre tankar til oss gamlingane seier han med eit smil.

Tidlegare praktikant som forelesar

Erlend Blaalid Oldeide, journalist i NRK Sogn og Fjordane, underviste i korleis ein jobbar for å finne og bruke dei gode spørsmåla. Blaalid Oldeide var sjølv praktikant på NRK Nynorsk mediesenter i 2006 og er no ein røynd politisk journalist i NRK Sogn og Fjordane. Han og syns det var interessant å ha med røynde avisjournalistar.

– Eit godt intervju gjer saka betre uansett om det er avis eller radio og tv. Det er interessant at avisjournalistane bidreg med sine perspektiv, enkelte ting er nyttige, andre ting fortenar å bli utfordra.