31. januar 2017

Rundreise til kull 25

Frå 6. til 10. februar skal leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, på besøk til kull 25 i ekstern praksis, i Bergen, Oslo, Lillehammer, Trondheim og Bodø. – Dette er fast for alle kull i praksis og føremålet er å høyre korleis dei har det, kva jobb og inntrykk dei gjer og om det er sjansar for å få halde fram der dei er. Eg snakkar både med praktikantane, fadrane deira og redaksjonsleiarane. Det er alltid spennande med denne rundturen, seier Øvrebotten.

Kull 25 byrja som nynorskpraktikantar 22. august i fjor. Den eksterne praksisen starta dei på 4. januar i år og den varer ut februar. Anders Tesdal Galtung er i NRK Hordaland og Kathrine Nygård på Superdesken/Skolefri i NRK Super. Marte Iren Noreng Trøen i NRK Hedmark og Oppland, Krista Lien Indrehus i Norgesglasset i NRK P1, og Josef Benoni Ness Tveit i NRK Nordland.