29. januar 2020

Rundreise til kull 31

– Komande veke, frå 3. til 6. februar, skal eg på den faste rundreisa til nynorskpraktikantar i praksis. Denne gongen betyr det Marienlyst og NRK Rogaland, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Føremålet med desse besøka er å høyre korleis det går og snakke med både praktikanten, fadderen og redaksjonsleiinga på praksisplassane. Kull 31 byrja i praksis 6. januar og er ferdige til 1. mars.

Kull 31 fordeler seg slik i ekstern praksis: Gudbrandsdølen Oda Elise Svelstad er i Kulturnytt, sunnmøringen Vilde Gjerde Lid er i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, sogningen Lars Volldal i NRK Vestland i Førde, rogalendingen Elias Håvarstein i NRK Rogaland og nordfjordingen Hans Ivar Moss Kolseth i redaksjonen til NRK.no