3. oktober 2016

Rune Fossum fast tilsett

Rune Fossum er fast tilsett som faglærar i NRK Nynorsk mediesenter etter Terje Gilleshammer. Fossum har vore vikar i stillinga sidan 1. august. – Eg er svært glad for at vi fekk Rune med på laget som faglærar, ihuga journalist som han er. Dei vegrar seg ofte frå å vere vekke frå den pulserande journalistkvardagen, men det er viktig for nynorskpraktikantane å ha lærarar som brenn for yrket og kjenner det ut og inn, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Rune Fossum (1974) kjem frå Molde, men har budd i Sogn og Fjordane dei siste 17 åra. – Det nærmar seg halve livet, seier han. Han byrja som sportsjournalist i avisa Firda i 1999. Der var han i nesten ti år, då han kom til NRK Sogn og Fjordane. Her har han vore vaktsjef i fem år, og dei to siste åra reporter på TV, radio og nett.

Fossum har bakgrunn som fenrik i Forsvaret, i tre år, mellom anna som nestkommanderande ved Grense Jakobselv Grensestasjon. Hans  journalistiske løpebane starta med ein bachelor i journalistikk frå Mediehøgskulen i Kristiansand. Han har også historie mellomfag frå Universitetet i Trondheim og grunnfag statsvitskap frå Høgskulen i Molde.