27. juni 2016

Rune Fossum skal skrive bok

1. august byrjar journalist Rune Fossum som faglærar i NRK Nynorsk mediesenter. Han har lang røynsle som journalist, og særleg som sportsjournalist. I NRK Sogn og Fjordane har han laga ein serie på nett om gamle idrettsheltar, som mange har lese. Denne serien skal bli bok neste år.

Rune Fossum avløyser Terje Gilleshammer som faglærar, og også han arbeidde for NRK Sogn og Fjordane i periodar. – Vi treng det vekselbruket med distriktskontoret for å få det til å gå ihop økonomisk, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. På det viset kjem det framleis til å kome artiklar om gamle idrettsheltar på nettsida til NRK Sogn og Fjordane, og mange av dei har også hamna på framsida til NRK.no.

– For eit halvt år sidan døydde fotballegenden Svein Bakke, og denne veka publiserer vi eit sterkt portrett av han som Rune har skrive, seier redaksjonssjef Linda Olin Reite i NRK Sogn og Fjordane. – Reportasjen inngår i ein serie om gamle idrettsheltar som Rune har jobba med over ein lengre periode. Neste haust skal desse portretta samlast i ei bok som Selja forlag gir ut. Boka vil innehalde portrett av rundt 40 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane. Nokre har vore publisert på nett tidlegare, medan andre kun er med i boka. Rune får bokinnspurt i juni neste år, men eit godt grunnlag er lagt gjennom historiene som har stått på nett så langt, seier Reite.