26. januar 2016

Rusavhengige småbarn

Bergens Tidende hadde 13. januar eit oppslag om born som vert fødde rusavhengige. Oppslaget har skapt både reaksjonar og debatt i ettertid. Det var journalist Adalheidur Oldeide som intervjua mora til ein åtte veker gamal rusavhengig gut.

Fagbladet Journalisten skreiv om saka 25. januar. Vi tykkjer det er interessant å fylgje med i kva tidlegare nynorskpraktikantar arbeider med, ikkje berre som sjølvskryt, men for at aktuelle søkjarar skal sjå at det fører mange journalistvegar vidare frå eit halvår i NRK Nynorsk mediesenter. Neste søknadsfrist er 15. april.

Adalheidur Oldeide (1988) var nynorskpraktikant på kull 18 i 2013. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og arbeidde etterpå som journalist i både NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland, før ho i fjor vart vikar i nyhendeavdelinga til Bergens Tidende.