10. juni 2016

Ruset til Noregs Ungdomslag

Inger Johanne Ruset byrjar 1.september i ei fast stilling som kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag (NU). Det eine ansvarsområdet vert å koordinere NU sitt arbeid med ungdomshus og scene. Ruset vil blant anna jobbe med instruktørkurs og teaterturnear. Ho vil elles ha ansvar for ungdomsarbeidet i organisasjonen og gjennomføringa av ein årleg sommarleir.

Inger Johanne Ruset (1985), frå Linge på Sunnmøre, var nynorskpraktikant våren 2013. Ruset hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal, der ho sidan hadde vikariat og tilkallingsvikariat fram til oktober 2014. Etter det har ho vore dagleg leiar og kinosjef på Ingebrigt Davik-huset i Haram kommune.

Sjølv om den nye stillinga er basert i Oslo, skal den komande kulturrådgjevaren besøke fleire av ungdomshusa rundt om i Noreg.

– At eg får høvet til å knyte saman by og bygd på denne måten, vil vere eit privilegium for meg, seier Ruset som sjølv har erfaringar frå eit lokalt ungdomshus.

–  Under oppveksten var eg del av eit ungdomlagsmiljø, og har berre positive minner derifrå. Eg gler meg derfor skikkeleg til å kome i gang med dette arbeidet, seier ho.