28. mai 2020

Rydland red.sjef i Bergen

Sølve Rydland (36) vart denne veka fast tilsett som redaksjonssjef i NRK Vestland i Bergen. Han har fungert i stillinga i nær to år og har arbeidd ved NRK-kontoret i Bergen i mange år. Han var nynorskpraktikant på det tredje kullet vårt i 2005/06. På Fjesboka skriv han at det er ei stor ære å få denne jobben, og at det forpliktar. – For publikum krev mykje av NRK, og fortener eit NRK som leverer varene og når ambisjonane våre, skriv Rydland.

Han trekkjer særleg fram to mål frå langbtidsstrategien i NRK:

  • NRK skal styrka og utvikla demokratiet
  • NRK skal samla og engasjera alle som bur i Noreg

– For oss betyr dette altså at me skal gjera vestlendingane i stand til å vere gode borgarar som forstår kva som rører seg i samfunnet. Og vi skal vise fram til resten av landet alt det kritikkverdige og prisverdige som skjer her vest. Me skal ikkje berre nå ut til ein samfunnsengasjert elite, men òg laga journalistikk som når heim til dei som ikkje visste at dei brydde seg, eller til og med dei om har mista trua på at samfunnet vil dei noko godt. Anten folk bur i byen eller på bygda, skriv Sølve Rydland på Fjesbok-sida si.

Sølve Rydland har pappapermisjon til etter sommarferien og er gift med Karoline Kalstveit, som gjekk på same kullet med nynorskpraktikantar som han. Kalstveit utdanna seg seinare til arkitekt.