22. februar 2017

Redaktør for ny nettavis

Stord24.no er namnet på ei ny nettavis som ser dagens lys denne månaden. Jonas Sætre vert redaktør og får med seg ein annonseselgar. Medeigar i Stord24.no er Jostein Sydnes, som til dagleg arbeider i reklamebyrået Sydvest. Mediekonsernet Schibsted er også med på laget. Sætre fortel til Medier24 at ambisjonen er å lage ei gratis og annonsefinansiert avis, som kan dekke små og stor hendingar på Stord.

Sjå meir om Stord24.no her

Jonas Sætre (1986) var nynorskpraktikant på kull 14, i 2011. Han hadde praksis i NRK.no og arbeidde der i 2,5 år etterpå. Sidan var han journalist i Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og møtesekretær i Stord kommune. Siste året har han vore frilansjournalist og produsent/programleiar for sin eigen podkast  www.utenfilter.net. Truleg den einaste podkasten på nynorsk her i landet.

Jonas Sætre har ein bachelor i historie ved Universitetet i Bergen. Som ein del av den var han eit semester i Washington D.C. der han studerte amerikansk politikk, samtundes som han var praktikant ved den amerikanske kongressen. Etter at han var ferdig med studia arbeidde han eitt år som lærarvikar for vaksne framandspråklege i Oslo, før han vart nynorskpraktikant i 2011.