8. april 2011

Sakna spørsmål

Her om dagen høyrde eg eit intervju med energiminister Ola Borten Moe. Saka var at han ville ha slutt på eventyrnamna på norske oljefelt. Dei burde heller kallast opp etter norske statsministrar. Sverdrup burde vere fyrst ut, elles var det rikeleg med namn å ta av, berre etter krigen, meinte han. Der slutta intervjuet, utan […]

Her om dagen høyrde eg eit intervju med energiminister Ola Borten Moe. Saka var at han ville ha slutt på eventyrnamna på norske oljefelt. Dei burde heller kallast opp etter norske statsministrar. Sverdrup burde vere fyrst ut, elles var det rikeleg med namn å ta av, berre etter krigen, meinte han.

Der slutta intervjuet, utan at dottersonen til statsminister Per Borten (1965-1971) fekk spørsmål om ikkje bestefaren og burde få eit felt oppkalla etter seg. Mine øyre skreik etter det spørsmålet!

Eg fortalde historia til ein yrkesbror og han såg berre oppgjeven på meg: – Journalisten visste sikkert ikkje at vi har hatt eit statsminister som heitte Per Borten!

Korleis kan dei ha unngått det så mange portrettintervju som har vore trykte og sende på lufta med Ola Borten Moe, der både likskapen med og banda til bestefaren har vore trekte fram? Intervjuet med dottersonen hadde fått ein heilt annan svung over seg om journalisten hadde evna å bruke det poenget.