7. september 2015

Samver kring maten

Tradisjonen tru vart nynorskpraktikantane og faglærarane i Firda og NRK 3. september samla på Fjordamattunet i Jølster for både å lage mat og nyte han i lag. Føremålet er å bli betre kjende og tradisjonen vart innført hausten 2013 då det vart to opplæringsstader for nynorskpraktikantar i Førde.

Kari Støfringsdal er vertinne og rettleiar i matlaginga. Ho har gjeve ut fleire bøker om tradisjonsmat og held kurs i korleis ein lagar det.

Kari Støfringsdal og Kjersti Anderdal Bakken (Foto: Ivar Myklebust Longvastøl/Nynorsk avissenter)

Kari Støfringsdal og Kjersti Anderdal Bakken (Foto: Ivar Myklebust Longvastøl/Nynorsk avissenter)

Støfringsdal har bygdt om det gamle grisefjøset på garden til kurslokale, og sjølv om ho kan rekne seg som pensjonist verkar det til å vere stor aktivitet der. Ho er ein fantastisk formidlar, som kan få sjølv dei som ikkje likar å lage mat til å våge seg nær grytene.

I sekstida om kvelden, 3. september 2015, var det dobbel porsjon med gulasj og youhurtkrem som skulle lagast av ni nynorskpraktikantar og tre faglærarar.

Her er oppskriftene og eit knippe av bileta Ivar Longvastøl tok den kvelden:

Mat1-1 Mat2-1 Mat3-1

Mat7-1 Mat8-1

Gulasj ( 7 -8 porsjonar)

Gulasj (Foto: Ivar Myklebust Longvastøl/Nynorsk avissenter)

Gulasj (Foto: Ivar Myklebust Longvastøl/Nynorsk avissenter)

120 g gule linser ( eller byggryn, makaroni og liknande)
800 g kyllingfilet/kyllingkjøtdeig
3 løk
2 raude papira
1 purre
2 båtar kvitløk
4 ts papirapulver
1 ts karve
4 matskeier (ms) olje
4 ms tomatpuré
2 liter hønsebuljong
2 ts tørka oregano
2 ts salt
1 ts pepar

Kok linsene i 15 minutt. Skjer paprika i strimlar, løk i terningar og purre i ringar. Fres løken i ein kjele og ha i kjøtdeig, pressa kvitløk, karve og paprikapulver. Steik nokre minutt.
Rør i tomatpuré og tilsett purre, paprika og buljong. La suppa trekke i 5 – 10 minutt. Ha i kokte linser og smak til med krydder.
Server med godt brød.

Yoghurtkrem
1/2 l fruktyoughurt
3 dl kremfløyte
1 dl rosin (skal trekke nokre timar i saft/juice, evnt. heimelaga likør)
nøtter eller mandlar
mørk sjokolade
druer

Pisk krem og bland yoghurt, krem, rosiner, druer, sjokolade og hakka nøtter.