8. februar 2012

Sex på parkeringsplassen!

Lat meg seie det med ein gong: Overskrifta er berre lureri for å få deg til å lese dette innlegget. Eg reknar nemleg med at svært få har som vane å følgje med på denne bloggen. Etter å ha gått hardt ut og lova at «Her skal det bloggast!», har det gått litt trått. No […]

Lat meg seie det med ein gong: Overskrifta er berre lureri for å få deg til å lese dette innlegget. Eg reknar nemleg med at svært få har som vane å følgje med på denne bloggen. Etter å ha gått hardt ut og lova at «Her skal det bloggast!», har det gått litt trått. No har eg ikkje blogga sidan 13. januar. Til alle dykk som har hatt forhåpningar til denne bloggen har eg berre ein ting å seie: Eg beklagar. No håper eg den saka er ute av verda slik at eg kan gå vidare med andre bloggtema.

Takk til Ravi Neså

Eg vil takke min faste bloggkommentator, Ravi Neså, for tips til å lage saka

– Återvende oterungar, etter Dagmar-herjinga,

Men også her må eg beklage. Eg var ikkje rask nok på labben. Kollega Tone Merete Lillevangstu kom meg i forkjøpet og laga saka Sjå, ein oter på bytur.Det gjeld alstå å vere om seg når ein har tips om gode saker.

Mote

Katrine og eg har tilfeldigvis valt like kle i dag. Snodig. Og no poserer vi slik at du skal skjøne at vi meinar alvor.

Eg føler liksom ikkje at eg har kome skikkeleg i gong med blogginga før eg har fått skrive litt om mote. Fokuset mitt er på praktisk mote. Damene på jobben her beklagar seg fordi dei aldri kan gå med pumps fordi veret ikkje tillet det. Om du er, slik som eg var, usikker på kva pumps er, så ser du dei her:

Eli går i desse brune ridestøvlane og er såra og vonbroten over at det skal vere så vanskeleg å kunne gå i pumps:

Fortvil ikkje. Eva har funne løysinga. Ho har eit par sko som ho går i på jobb, og eit som ho går i til jobb.

tosko

Oslo: Her kjem vi!

Eg skulle eigentleg skrive eit litt meir seriøst avsnitt og legge ut nokre saker eg har laga her på NRK Sogn og Fjordane, men det må eg kome tilbake til, for no må eg straks gå. Vi skal nemleg straks reise til Oslo, og om du, kjære lesar, bur i Tigerstaden og vil kome med tips til oss i Førde har du no moglegheita til å møte oss i levande live.

Bloggast!