24. mai 2011

Sidemålet nynorsk

Både i Høgre og TV Norge avslører dei for all verda at nynorsk ikkje er hjartespråket med å kalle det for sidemål. Utan tanke for at bokmål også er sidemål for nokon. TVNorge fortel at radiovert Ronny Brede Aase har vunne «Kulturdepartementet sin journalistpris for sidemål», og då Høgre sitt landsmøte nyleg diskuterte valfritt sidemål var det […]

Både i Høgre og TV Norge avslører dei for all verda at nynorsk ikkje er hjartespråket med å kalle det for sidemål. Utan tanke for at bokmål også er sidemål for nokon.

TVNorge fortel at radiovert Ronny Brede Aase har vunne «Kulturdepartementet sin journalistpris for sidemål», og då Høgre sitt landsmøte nyleg diskuterte valfritt sidemål var det openberrt for alle at det var nynorsk det handla om. Dei er slett ikkje åleine om denne nemninga, ho lever også hjå folk som reknar seg til kultureliten. Om det er tankeløyse eller fornærming er eg aldri heilt sikker på.

Sist veke tilsette vi det femtande kullet med nynorskpraktikantar, og ein av dei fortalde om læraren som rådde han til å gå over til bokmål som hovudmål på ungdomsskulen. Ho meinte han skreiv så stygt at han ikkje kunne tole den ekstra belastninga det var å skrive nynorsk. – Det var nok meir eit uttrykk for språksynet hennar enn bekymring for karakterane mine, sa den komande nynorskpraktikanten.

I jobbsamtalar med 20-30 nynorskbrukande ungdommar i året høyrer eg mange gysjer frå lærarmunn om nynorsk. Historia frå Sandnes er av dei meir originale, men føyer seg diverre berre inn i rekkja over norsklærarar som spreier fordommar og nedlatande haldningar til nynorsk i skulen. Det vert neppe eit høgare språknivå på lærarstanden om Høgre får valt vekk sidemålet alt i ungdomsskulen. Nynorskelevar kjem garantert ikkje til å velge vekk sidemålsundervisinga, for dei veit at dei må kunne begge målformene. Men dei kan lett verte frista til å ta bokmål som hovudmål, for å sleppe meir norsk enn høgst nødvendig.

– Eg er ingen målaktivist, men som nynorskbrukar vert ein tvinga til det om ein vil eller ikkje, seier vinnaren av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2011, Njord V. Svendsen. Han skreiv konsekvent reportasjane og portrettintervjua sine i Bergens Tidende på nynorsk. Sidan BT utvekslar stoff med Adressavisa og Fedrelandsvennen førde dette til spørsmål derifrå om han ikkje kunne omsette artiklane til bokmål for dei.  Det nekta han og artiklane vart trykte på nynorsk.

Slik er det å vere nynorskbrukar, du må stå opp for språket ditt på ein heilt annan måte enn dei som brukar sidemålet bokmål. Slik har det alltid vore, og slik vil det alltid bli.