14. mars 2018

Signe vart heidra for fotoprosjekt

Signe Fuglesteg Luksengard fekk nyleg tredjeplass i kategorien «Dokumentar Norge» under kåringa av Årets bilete. Og måndag 12. mars var ho gjesteførelesar for noverande nynorskpraktikantar, om some og bruk av fotoshop.

– Det var veldig moro at det var bileta frå Leveld som vart premierte. Det er noko eg har jobba utruleg mykje med dei siste fire åra, seier Luksengard til lokalavisa hallingdolen.no (betalingsmur).

Biletserien hennar om den vesle bygda Leveld i Ål kommune fekk tredjepremie i kategorien «Dokumentar Norge» under utdelinga av Årets bilete 2017 på Litteraturhuset i Oslo.

I grunngjevinga seier juryen følgjande: «Eit godt portrett av ein liten stad i Norge. Fotografen si tilknyting til bygda er tydeleg, og variasjonen i bileta syner at fotografen har fotografert over lang tid. Kjærleiken til dei små daglegdagse augneblinka er den raude tråden gjennom det heile. Dette er ein følsam og estetisk sterk serie. Juryen ville likevel ønskt at han var noko strammare redigert, og at bilettekstene gav oss meir informasjon».

– Dette gir meg ekstra energi og inspirasjon til å få gitt ut bileta i ei fotobok. Mange kom bort til meg etter utdelinga og fortalde at dei kjende seg att, sjølv om dei kjem frå heilt andre plassar i Norge, fortel Luksengard til Hallingdølen.

ÅRELANG JOBB: Signe Fuglesteg Luksengard har jobba i fire år med fotoprosjektet frå heimstaden sin.

Signe Fuglesteg Luksengard var nynorskpraktikant på kull 22, våren 2015. Ho hadde ekstern praksis i NRK Supernytt, sommarjobb i Hallingdølen og etterpå har ho vore vikar i både Supernytt og BlimE-redaksjonen i NRK Super. For tida er ho frilansar og skriv bok.