25. april 2016

Fast jobb i NRK Troms

Sigrid Agnethe Hansen har fått fast jobb som journalist i NRK Troms. Ho har arbeidd der sidan ho var i Tromsø i praksis frå kull 21 med nynorskpraktikantar til 1. mars i fjor.

– Eg er veldig glad for å ha sikra meg fast jobb i NRK; det er sjølvsagt eit mål eg har hatt lenge, og det er stort å oppnå det, seier Sigrid Agnethe Hansen.

– Det er alltid kjekt å få melding om at tidlegare nynorskpraktikantar får seg fast arbeid. Sigrid er den andre som får det i år, og begge har fått det ved distriktskontor, seier Magni Øvrebotten.

Sigrid Agnethe Hansen (1989) har jobba som programleiar i radio i NRK Troms sidan juni i fjor, i tillegg å vere den «poteta» ein må vere på eit distriktskontor: reporter, nyheitsanker og oppdateringar til nett.

Ho kjem frå Harstad og byrja bruke nynorsk som hovudspråk då ho vart student. Ho har Master i samfunnsplanlegging og kulturforståing frå Universitetet i Tromsø. Bachelor i kultur-og samfunnsfag frå Universitetet i Oslo, og frie emne i fransk litteraturvitskap ved Sorbonn-universitetet i Paris. I studietida var ho aktiv i både Tromsø mållag og Samiske studenters forening i Tromsø og tilkallingsvikar i Mediehuset iTromsø.