7. november 2018

Simon Solheim gjesteførelesar

Det minkar på gjesteførelesarane på lista for hausten 2018, men måndag 12. november kjem Simon Solheim, i NRK Nyhende. Han er tidlegare nynorskpraktikant og no vaktsjef i nyhenderedaksjonen på Marienlyst. Simon føreles om å vere kritisk til makta.

Måndag 19. november er det nyhendeanker Ingunn Solheim, i NRK Nyhende, som er gjesteførelesar. Overskrifta på førelesinga hennar er “For meg er nynorsk sjølvsagt”. Ho var nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane i 1999, og gjev praktikantane råd med rot i eigne røynsler og arbeidsmåtar.

Den 26. november reise nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter til Aasentunet, for å lære meir om Ivar Aasen og nynorsken. Der møter dei mellom andre den nye direktøren Per Magnus Finnanger.

15. desember er det fotograf Arne Stubhaug, i NRK Sogn og Fjordane, som lærer frå seg stillsfotografering for nett.

Sjå heile lista med gjesteførelesarar hausten 2018 her