10. april 2018

Simon Solheim kjem måndag

Vaktsjef i direkteredaksjonen i NRKNyhende, Simon Solheim, er gjesteførelesar måndag 16.april. Han skal snakke om å vere kritisk til makta.

Simon Solheim var nynorskpraktikant på kull 11 med nynorskpraktikantar, 2009/10, og har arbeidd i NRK etterpå. Han er fast tilsett i NRK Nyhende og har arbeidd mykje med sokalla “gravejournalistikk”. I tillegg til å gje nynorskpraktikantane innsyn i slikt arbeid skal han gje gode råd om korleis dei overlever i journalistikken.

Etter Solheim er det berre ei gjesteførelesing att før kull 28 er ferdige i Førde. Måndag 23. april skal nynorskpraktikantane til Aasentunet i Ørsta for å høyre om Ivar Aasen, historia til nynorsken og kva som er aktuelt no om språket vårt. Det vert siste førelsinga med Ottar Grepstad som direktør for Nynorsk kultursentrum. Han har varsla at han vert pensjonist frå 1. november 2018.