1. mars 2013
av Magni Øvrebotten

Siste dag på loftet

I dag hadde vi siste dag på loftet. Vi har hatt to månader fylt med mellom anna nye vener, ny kunnskap og nye erfaringar. Det har vore litt teoretisk undervisning, men mest praktisk. Eg har lært mykje ved å prøve meg fram, og fått gode, direkte tilbakemeldingar frå faglærarar, førelesarar og dei andre praktikantane. Måndag […]

I dag hadde vi siste dag på loftet. Vi har hatt to månader fylt med mellom anna nye vener, ny kunnskap og nye erfaringar. Det har vore litt teoretisk undervisning, men mest praktisk. Eg har lært mykje ved å prøve meg fram, og fått gode, direkte tilbakemeldingar frå faglærarar, førelesarar og dei andre praktikantane.

Måndag og tysdag var vi i Oslo. Vi fekk omvising på Marienlyst, og møtte mange spanande NRK-folk. Mellom anna tidlegare praktikantar. Onsdag hadde vi turbodag, og torsdag og i dag har vi produsert saker. Eg laga ei radiosak i går, som kom på morgonsending i dag, og ei nettsak i dag. Den er ikkje publisert endå.

På måndag skal vi ned på desken. Vi skal vere der i to månader, i den interne praksisen. Der skal vi prøve oss som ordentlege journalistar. Det blir sikkert spanande og utfordrande. Vi får kortare tid til å lage saker, og det blir forventa at vi skal ha eigne idear. Dei to første vekene i intern praksis skal eg arbeide med nett. Difor håper eg å få mange saker publisert på www.nrk.no/sf.

No er det helg, og eg skal til Bergen. God helg!