6. desember 2010

Siste etappe

Nei, no er det langt mellom blogginnlegga her!Det har vore mykje jobbing den siste tida. Og aktiviteten på arbeidsplassen har ikkje genererert meir aktivitet i form av bloggskriving.Men radioreportasjar har det blitt nok av. Ute i kulda. Som også gjerne handlar om kulda.Til dømes har eg laga ei sak om farene ved å jobbe ute […]

Nei, no er det langt mellom blogginnlegga her!Det har vore mykje jobbing den siste tida. Og aktiviteten på arbeidsplassen har ikkje genererert meir aktivitet i form av bloggskriving.Men radioreportasjar har det blitt nok av.

Ute i kulda.

Som også gjerne handlar om kulda.Til dømes har eg laga ei sak om farene ved å jobbe ute når kulda bit og irriterer.Saka blei sendt i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane. Seinare kom den i Dagsnytt.Klikk her for å høyre saka.Denne perioda har nemleg vore ekstremt kjølig. Ein kan bare sjå på bilen min.

Den oppfører seg no som ei gammal dame med hofteproblem når gradestokken kryp godt ned på minussida.  Heldigvis er det ikkje denne eg brukar når eg køyrer hit og dit i arbeidstida.

På jobb blir den raude Volvoen min til dømes erstatta med HF-bilen, ein stor varebil med eit lite studio i bagasjerommet.Med denne bilen kan ein sende radio frå fjern og nær i Sogn og Fjordane.

Og i førre veke brukte eg den til å gjere direkteintervju på eit arrangement knytta til ungdom og narkotika i Florø.

I ettermiddagssendinga blei det reportasje om temaet.

Denne kan du høyre HER.

No legg eg radioarbeidet på is. Siste etappe blir nettjournalistikk i to veker fram til jul