31. oktober 2011

«Sjole» og «sjappe»

Eg veit språkforskarane seier at det berre er å gje opp kampen for at  «kjede» og «skjede» skal uttalast ulikt, men eg klarer det ikkje. Lenge var det berre bergensarar som ikkje skilde her. Vi lo av meldinga om dei to bilane som møttest i «sjedekollisjon på Kalfaret». Det er ingen grunn til å le lenger. Sist […]

Eg veit språkforskarane seier at det berre er å gje opp kampen for at  «kjede» og «skjede» skal uttalast ulikt, men eg klarer det ikkje. Lenge var det berre bergensarar som ikkje skilde her. Vi lo av meldinga om dei to bilane som møttest i «sjedekollisjon på Kalfaret».

Det er ingen grunn til å le lenger. Sist veke høyrde eg urovekkande mange variantar av denne tungeslappe uttalen i radio.  I eit intervju i Kulturnytt fortalde ein utstillar om  «sjappe» og «sjole», der eg av samanhengen skjøna at det måtte vere snakk om kappe og kjole. I andakta var  det «sjipt» det som før var kjipt og i eit program eg ikkje hugsar vart kjønn til «sjønn».  Det er berre fantasien som set grenser for kva som er det neste.