24. april 2014

“Sjølvi” med statsministeren

NRK Møre og Romsdal sin reporter, Wilhelm Støylen, tenkte at statsminister Erna Solberg kunne trenge litt selskap i bilen når ho fartar mellom bedriftsbesøk og andre oppdrag på Sunnmøre.

Den tidlegare nynorskpraktikanten, Wilhelm Støylen,  inviterte seg like godt inn i bilen til Erna. Statsministeren var på besøk på Sunnmøre, og mellom bedriftsbesøk og møter fekk Støylen køyre svart stor bil.

Resultatet vart ein prat om korleis det det er å vere statsminister og kva ho har på Ipaden.