3. februar 2015

Sjølvi med kringkastingssjefen

Kringkastingssjef, Thor Gjermund Eriksen, måtte sjølvsagt bli med på ein sjølvi då han besøkte Nynorsk mediesenter midt i mobiljournalsitikk-undervisinga denne veka.

-Det å raskt kunne publisere bilete og video på nett blir stadig meir viktig, sa Eriksen då han vart utfordra på kva som var viktig for journalistikken framover. Difor trefte det midt i blinken at nynorskpraktikantane både i NRK og Firda akkurat no blir kursa i to dagar av MoJo-guruen John Inge Johansen, reporter i NRK Nordland.

Signe Fuglesteg Luksengard har bakgrunn som fotograf og fylgde besøket til kringkastingssjefen. Dei siste opptaka gjorde ho berre eitt minutt før ho synte denne videoen.

– Mange av oss har kome frå lange studiar med mykje stillesitting til eit nytt  liv her. No er vi på farten heile tida og får nye utfordringar kvar einaste dag, sa Steinar Daltveit. Han fortalde korleis han og medpraktikantane har opplevd den fyrste månaden som nynorskpraktikantar.

Steinar-Daltveit

Steinar Daltveit (Foto: Randi Indrebø/NRK)

For dei som står på terskelen til eit liv i journalistikken er stoda til NRK med innstrammingar og nedbemanning skummel, men krinkastingssjefen sa at sjølv om NRK står over for mange utfordringar framover og må få meir innhald ut av kvar krone, var det er viktig å hugse på at  NRK Nynorsk mediesenter og nynorskpraktikanane er med på å legge eit godt grunnlag for at NRK skal oppfylle måla om mangfald og  målet om 25 % nynorsk i NRK.