1. september 2016

Sjølvskryt og anna skryt

Det er ikkje ofte vi trekkjer fram arbeid av tidlegare nynorskpraktikantar, men i dag gjer vi det. I NRK Rogaland har Mathias Oppedal og Kjersti Hetland laga ein nettvideo om oljekrisa på tre minutt, som ligg ute på Fjesboka. NRK Rogaland er av dei som sikrar seg talenta når dei ser dei, og vi er stolte av å ha medverka til å få dyktige folk som Mathias Oppedal og Kjersti Hetland inn i journalistikken.

Mathias Oppedal (1985) var nynorskpraktikant på kull 11, i 2009/10 og hadde ekstern praksis i NRK Rogaland. Etter forholdsvis kort tid fekk han fast jobb der og har arbeidd både med nett, radio og fjernsyn, som journalist og fotograf/videojournalist. Han hadde ein Bachelorgrad i Fjernsyn -og mulitmedieproduksjon ved Universitetet i Stavanger før han vart nynorskpraktikant, og kom til NRK Nynorsk mediesenter for å finpusse jærdialekta og nynorsken som mediespråk.

Kjersti Hetland (1985) var nynorskpraktikant på kull 17, i 2012/13. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsrevyen og var vikar der eit års tid etterpå. Ho valde å vende heim til Rogaland, sjølv om ho i starten hadde berre tilkalling i NRK Rogaland. Men det tok ikkje så lang tid før ho fekk fast jobb. Hetland hadde ein Master i kinesisk språk og samfunn før ho vart nynorskpraktikant, og var overtydd om både nynorsken og journalistikken då ho byrja hjå oss. Ho ville ha eit kortkurs i journalistikk.

– NRK Rogaland har vore gode til å sjå talenta i folk og satse på dei med faste jobbar, slik at dei slepp å gå i årevis i uvissa om arbeid. Det tek krefter og sjølvtillit, og gjer at mange ikkje får synt kva dei er gode for. Når du går på tilkalling og korte vikariat, og byter vakter og arbeidsstad jamt, er det ikkje lett å syne at du har både talent, idear og gjennomføringsevne. Difor vert for mange talent søla vekk i dag. NRK Rogaland har framleis rekorden i rask tilsetting av nynorskpraktikantar. Det var Samina Bruket og Magnus Stokka (kull 9), som var ferdige som nynorskpraktikantar våren 2009 og fekk fast jobb i NRK Rogaland om hausten. Ser forresten på intranettet i NRK i dag at Magnus Stokka (1985) er ein av tv-programleiarane i NRK Rogaland som no lærer seg sjølvkøyr på fjernsyn, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.