12. april 2018

Skal på vegen med nynorsk – no til Porsgrunn

Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu reiser til Telemark med kurset “Skriv endå betre nynorsk”.

Noralv Pedersen (t.v.) og Rune Fossum Lillesvangstu med kursdeltakarane Elin Helgheim og Synnøve Horvei då nynorskkurset vart halde i Hordaland før jul. Foto: Bjørg Langeland

«Nyttig også for bokmålsfolk» og «eg fekk lyst til å skriva meir nynorsk» var nokre av tilbakemeldingane då journalistar og fotografar i NRK Hordaland før jul vart kursa i nynorsk.

NRK Nynorsk mediesenter har i samarbeid med språksjefen og NRK Sogn og Fjordane teke initiativ til å gjennomføre nynorskkurs for redaksjonar internt i NRK. No har også distriktskontoret i Telemark bestilt kurset, og kurshaldarane Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu set seg måndag i bilen og reiser til Porsgrunn. Der går kurset av stabelen i to omgangar på tysdag – eitt kurs før lunsj og eitt etter. Tilsaman skal eit titals journalistar få oppfrisking eller innføring i nynorsk.

Bakgrunnen for kurset var «Handlingsplan for nynorsk 2017-2018», der det vert tilrådd kurs for å styrkje nynorskkompetansen i NRK. Det første kurset vart skipa 5. desember 2017 for NRK Hordaland (DK og riks) i Bergen, der tilsaman 18 medarbeidarar på dei to tre-timars språkkursa.

Emna for kurset er NRK sitt ansvar for nynorsk, nynorskrettskrivinga 2012, kjenneteikn på ein god nynorsktekst, bokmålssmitte, korrekt språk og godt språk. Det er øvingar undervegs, og tilbakemeldingane frå kurset i Bergen var gode.

-Eg prøver å vri hjernen og tenkje om eg nokon gong før medan eg har jobba i NRK har vore på noko som liknar på eit språkkurs, men nei… Eg har sjølvsagt lese språkbrev i alle år. Det er ikkje det at eg føler meg mindre verdsett som NRK-medarbeidar som brukar nynorsk, men eg føler at det verkeleg er opp til meg sjølv å arbeide med språket, og det er lite vi nynorsk-brukarar får utan å vere veldig flinke sjølv. Derfor var det nesten litt fantastisk å få eit kurs midt i arbeidstida der vi vart inviterte til å tenkje høgt saman omkring språket generelt og nynorsk spesielt. Og ein må ikkje vere nynorskbrukar for å ha glede av dette kurset. Bokmålsfolk må og kunne nynorsk, særleg i NRK, og dessutan er godt og tydeleg språk ei like viktig oppgåve på begge målformer, sa kursdeltakar Elin Helgheim.