30. april 2015

Skubba ut av skjorereiret

– No har det gått fire månadar, og vi blir skubba ut av skjorereiret og må lære oss å fly, sa Bård Holmen Solvik, då han og dei fire medpraktikantane takka for seg.

NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane kan samanliknast med eit skjorereir, ikkje berre fordi det er høg aktivitet, men også fordi vi opplevde opplæringa på loftet som ei trygg tid, der vi var små fugleungar som vart fora med alt det vi måtte kunne før vi kom ned i redaksjonen. I redaksjonen vart vi utfordra til å klare oss meir åleine, og no blir vi altså skubba utfor kanten og må fly sjølve. Les heile tala her.

I neste veke byrjar Steinar Daltveit i P3Morgen, Bård Holmen Solvik i NRK Innanriks, Gunnhild Årdal i NRK Utanriks, Signe Fuglesteg Luksengard i NRK supernytt og Olav Åsen Haugsgjerd i NRK Sørlandet.

 

Magni Øvrebotten takka av det 22 kullet med nynorskpraktikantar med desse orda:

 

Ein stad å stå – heiter eit dikt av Jan-Magnus Bruheim.

Berre ein stad eig vi heime –

Staden du trygt kan stå,
er berre e i n.
Er berre din eigen stad.

Dette er lovi
som gjeld og står fast:

Vil du vera frå andre stader,
blir du frå ingen stad.
Vil du vera ein annan
enn den du er,
blir du ingen.

Med denne påminninga håpar eg at de reiser herifrå som trygge nynorskbrukande journalistar, som både veit kvar de kjem frå og kvar de har vore.

Som veit at det finst eit land utanfor Oslo og dei store byane, både i Norge og i verda. Som hugsar at ein enquete like godt kan gjerast på Nordfjordeid som på Majorstua, og at de ikkje vert av den typen journalistar som tek på dokke tøflane om morgonen – i trygg visse om at de ikkje skal ut før de går heim.

 

Magni-og-praktikantane

Magni Øvrebotten deler ut gåver til kull 22 (Foto: Randi Indrebø/NRK)

110 nynorskpraktikantar

Når de går ut dørene her i dag har vi sendt frå oss 110 nynorskpraktikantar.
No er de klare for den daglege «audition», som språksjefen i NRK, Ragnhild Bjørge, kallar dei to månadane i ekstern praksis. Kvar dag å syne kva de er gode for og overtyde redaksjonsleiarane de møter om at nettopp de er verdt å satse på.

De må ha ambisjonar, både for eigen del og for arbeidsplassen dykkar. Utan ambisjonar vert vi dovne og likegyldige. Alle treng vi noko å strekkje oss etter.

Hald fast på lærdommen om fokus og situasjonar i sakene, og at det ligg vern og kraft i å ta på seg rolla som journalist. Stå ikkje der som «vesle meg». Verkar du trygg vert andre trygge.

Hugs at nynorsk er meir enn eit språk, det er ein kultur, ein identitet og ei historie. Og at de er ein del av alt dette.

Målet er at de skal vere gode føredøme for andre og gjere dei stolte av språket sitt – fordi de brukar det i NRK eller kvar de no måtte hamne.

Hugs endeleg på at nynorsken ikkje er snirklete og omstendeleg; han er aktiv, kortfatta og folkeleg i ordval og setningsbygnad.

Praksisplassane
Berre ein av dykk skal til eit distriktskontor, resten til riksnettet. Olav skal til NRK Sørlandet, og det er fyrste gongen vi har nynorskpraktikant der. Signe skal til Supernytt, Steinar til P3Morgen, Bård til innanriks og Gunnhild til utanriks i Nyhendedivisjonen.

66 % i media
Av dei 105 nynorskpraktikantane som gjekk føre dokke har 66 % arbeid i media. Ved juletider var det 60 %, i fjor sommar 72 %. Prosenten svingar og tru ikkje anna enn at nedskjeringar råkar også nynorskpraktikantar.

De har tre års prioritet til stillingar de er fullt ut kvalifiserte for, og de skal reknast som interne søkjarar. I regelen er det berre alt fast tilsette som skal gå føre dokke. Men tru ikkje at det er så enkelt. De må i alle høve vere udiskutabelt dyktige, journalistar redaksjonane gjerne vil ha eller behalde.

Reglane vert praktiserte så ymse og nålauget er trongt. Det kjem til å bli endå viktigare å satse på dei beste talenta.

Det er lett å bli psyka ned om de tenkjer for mykje på dette. Bruk kreftene på å syne kva de er gode for på nett, radio og fjernsyn – til meir allsidige de er til meir rift vert det etter dykk.

Vi ynskjer dokke lukke til, og takkar samstundes NRK Sogn og Fjordane – for god hjelp i opplæringa av nok eit kull med nynorskpraktikantar. Neste veke vert det klart kven som kjem til hausten.