11. august 2010

Skule eller skole?

Nemnda som skal revidere nynorsknormalen er for lengst i godt gjenge med denne viktige oppgåva, og alle kan fylgje arbeidet deira på ei eiga nettside på heimesida til Språkrådet. Det er viktig at vi meiner noko no, i staden for å skrike over oss etterpå. Under Dei nynorske festspela fortalde leiaren og nestleiaren i nemnda, Grete Riise […]

Nemnda som skal revidere nynorsknormalen er for lengst i godt gjenge med denne viktige oppgåva, og alle kan fylgje arbeidet deira på ei eiga nettside på heimesida til Språkrådet. Det er viktig at vi meiner noko no, i staden for å skrike over oss etterpå.

Under Dei nynorske festspela fortalde leiaren og nestleiaren i nemnda, Grete Riise og Unn Røyneland, om korleis arbeidet i nemnda er lagt opp og kor langt dei har kome. Nemnda gjer mellombels vedtak om kva ord som skal overleve, gå ut eller kome inn i nynorsknormalen, både for å skape debatt medan det er tid til å snu og kunne gjere ei endeleg vurdering til slutt. Mellom dei orda dei har vedteke å kutte ut er «skole». Det var mest unison klapping i møtelyden etter den opplysninga på Festspela i Ørsta. Etterpå var det ein kar som måtte få fortalt Grete Riise at han slett ikkje klappa. – Nei, men det gjorde eg, sa kona hans, som var lærar. Ho la ut om kor dei mange «bokmålsorda» som er tillatne i nynorsken skaper forvirring, både i hovudmål og sidemål, og aukar fråfrallet frå nynorsk.

Eg trur mange nynorskingar har eitt ord dei røse i holdet av at finst i nynorsknormalen, og for meg er det nettopp ordet «skole». Det kom med vedtaket om samnorsk på 1950-talet og vart tredd nedover hovudet på folk i styringsverk og skule. Sjølv Det Norske Samlaget har vore med og spreidd det, noko eg aldri har kunna skjøne. I mine øyre vart det eit kjenneteikn på dei som hadde trong for å syne at dei hadde kosta på hovuda sine meir enn kvarmann. Det var ikkje så vanleg med høgare utdanning då ordet vart tredd nedover nynorsken, og dei som tok det i bruk hadde og har eg (fødd 1954) mistenkt  for å ynskje å få fram at dei var klokare/hadde meir mellom øyrene enn dei som tusla rundt og snakka heimemålet. Eg ser dei enno levande føre meg, og som vaksen har eg alltid hadde ein sterk trong til å ta dei nedåt så snart høve har bydd seg. Difor klappa eg så hendene vart såre i Ørsta!

Uansett kva ord vi vil ha med eller ikkje, no må vi nytte oss av den opnaste revisjonen av nynorsknorma i historia. Det er ingen grunn til å vente med å meine til endeleg vedtak er fatta av Språkrådet til 17. mai neste år. Hiv deg med i debatten no på Nynorsk 2011.

Det er styret i Språkrådet som har oppnemnt nemnda, som skal vere ferdig med framlegget sitt til 1. april 2011. Mandatet finn du her