https://www.nynorskmediesenter.no/- Slå aldri nedover, slå oppover. Hardt!
8. mars 2013

– Slå aldri nedover, slå oppover. Hardt!

Det var oppmodinga frå den kjende og erfarne dokumentaristen Erling Borgen då han for første gong besøkte NRK Nynorsk mediesenter. Den store respekta for menneskerettane han har fått gjennom arbeidet sitt, kom godt til syne i fleire av døma han synte praktikantane.

Idealisten og journalisten Erling Borgen er svært oppteken av å ikkje gjere feil når dokumentarane blir laga. Det synest han rett og slett er pinleg. Difor råda han praktikantane til å jobbe etter tre viktige prinsipp:

*Sannheitsprinsippet; Alt skal vere faktuelt korrekt.

*Vesentlegheitsprinsippet; Det som vert laga skal vere viktig for mange.

*Tilsvarspinsippet; alle som får søkjelyset på seg skal få rett til å svare for seg.

Borgen synte til at ved å jobbe etter desse tre prinsippa har han aldri vorte dømd i Pressens Faglige Utval, PFU.

 

Vi berre gledar oss ti å få gjesting av Borgen til hausten!